Faktura og betaling

Faktura
Skulen sender faktura på det meste som skal betalast til skulen.
Med unntak av inntaksgebyr er det KID på alle faktura.
Det er viktig at KID nyttast slik at innbetalinga vert knytt opp til rett elev og faktura.

Faktura vert utstedt fortrinnsvis som E-faktura eller per e-post til den e-postadressa eleven har registrert som fakturamottakar.
Faktura på papir vil bli belasta med gebyr kr 25,- per faktura. Tryggheim tilbyr og avtalegiro.


Efaktura eller Avtalegiro?*

Fordel med avtalegiro er at faktura vert trekt frå bankkonto automatisk på forfallsdato. Dei som etablerar avtalegiroavtale vil få faktura på e-post eller papir.

Fordel med E-faktura er at faktura kjem rett inn i nettbank, men då må du godkjenne fakturaen før den vert lagt til betaling på forfallsdato. Ved å godkjenne E-faktura vert KID, kontonummer, beløp og forfallsdato fylt inn automatisk.
Ein kan ikkje nytta både E-faktura og avtalegiro.


Avbrutt skulegang og oppseiing av internatplass

Bryt ein elev av skulegangen før fullført skuleår, gjeld desse reglane:

Sluttar ein elev før den 16. i månaden, skal skulepengar betalast for inneverande månad og 50 % for etterfølgjande månad.
Ved av­slutning i siste halvdel av månaden, skal skulepengar betalast for inneverande og etterfølgjande månad.

Desse reglane kan fråvikast under heilt spesielle omstende, t.d. ved sjukdom og liknande.

 

Økonomi

* Efaktura og Avtalegiro

Dersom du opplever at en faktura betales dobbelt skyldes dette at du har BÅDE Efaktura og Avtalegiroavtale aktiv.

For å unngå dobbelt-trekk anbefaler vi at du bare har en av avtalene aktiv.

 

Økonomileiar Eivind Svensen

51 79 80 24 905 88 461 regnskap@tryggheim.no