Grunnlaget for skulen

Det er foreldra som etter Bibelen har plikt til å oppdra borna sine. Det er ei ordning som er villa av Gud og som gjeld for alle typar samfunnsordningar. Tryggheim ungdomsskole ynskjer å hjelpa foreldra til å gje borna ein livskurs i samsvar med den kristne trua. Skulen har eit dobbelt føremål. Det eine er å forkynna evangeliet for elevane og det andre er å gje oppdraging og undervisning ut frå eit kristent menneskesyn.

Dei som arbeider på skulen er viktige førebilete for elevane både på skulen og privat. Ein skal på ein positiv måte hjelpa elevane med dei utfordringane som livet gjer. Det inneber at ein viser elevane respekt og bidrar til at dei utviklar eit sunt sjølvbilete. Alle menneske er skapt i Guds bilete og har derfor same menneskeverd. Dette inneber at sjølv om det kan vera store skilnader og føresetnader hjå kvar einskild er alle like mykje verd. Gud har bruk for alle i sitt skaparverk og det forpliktar alle til å sjå det positive i kvar einskild. (Verdidokumentet NLM)

Både elevar, foreldre/ føresette og personalet har ansvar for å skapa eit så godt  skulemiljø som mogleg. Me ynskjer at Tryggheim ungdomsskole skal vera ein god plass å vera for elevane. Ein plass der elevane opplever dei vert sett og høyrde på. Me ynskjer å vera ein skule som gjer elevane noko for livet.

Vil helsa kvar og ein med orda frå Jes 12,2
          ”Sjå, Gud er mi frelsa,
          Eg er trygg og ottast ikkje
          For Herren er mi kraft og min styrke
          Og han har vorte mi berging.”

Jobb på Tryggheim?

Sjekk ledige stillinger her

 

Kontakt:

Sentralbord / Administrasjonssekretær Anne Sirevåg

51798070 ansirevag@tryggheim.no

Leiar Tron-Arild Grødem

I permisjon ut våren 2024.