Faktura
Skulen sender faktura på det meste som skal betalast til skulen.
Med unntak av inntaksgebyr er det KID på alle faktura.
Det er viktig at KID nyttast slik at innbetalinga vert knytt opp til rett elev og faktura.
Faktura vert utstedt fortrinnsvis som E-faktura eller per e-post til den e-postadressa eleven har registrert som fakturamottakar.
Faktura på papir vil bli belasta med gebyr kr 25,- per faktura. Tryggheim har og lagt til rette for avtalegiro.
Avbrutt skulegang og oppseiing av internatplass
Bryt ein elev av skulegangen før fullført skuleår, gjeld desse reglane:
Sluttar ein elev før den 16. i månaden, skal skulepengar betalast for inneverande månad og 50 % for etterfølgjande månad.
Ved avslutning i siste halvdel av månaden, skal skulepengar betalast for inneverande og etterfølgjande månad.
Desse reglane kan fråvikast under heilt spesielle omstende, t.d. ved sjukdom og liknande.
Økonomi