Informasjon

Her finn du viktig informasjon.

  1. økt 08:10 - 09:05
  Friminutt                        09:05 - 09:15
  2. økt 09:15 - 10:10
  Matpause   10:10 - 10:40
  3. økt 10:40 - 11:35
  Friminutt 11:35 - 11:45
  4. økt 11:45 - 12:40
  Friminutt 12:40 - 12:50
  5. økt 12:50 - 13:46

Elevrådet skal vera elevane sitt interesse og samarbeidsorgan på skulen. Dei skal fremja felles interessene til elevane på skulen og arbeida for å skapa eit godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal og kunne uttala seg i og koma med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

Dei har møte om lag ein gong i månaden. Ved starten av skuleåret lagar elevrådet, i samarbeid med kontaktlæraren til elevrådet, ein møteplan for skuleåret. Kontaktlæraren til elevrådet har ansvaret for å kalla inn til møta.

Samansetning:
Seinast 3 veker etter skulestart om hausten vel ein på kvart trinn to representantar som tillitselevar. Desse representantane (6 stk. i alt) utgjer elevrådet på skulen. Valet skal skje skriftleg. Trinna vel og personlege vararepresentantar.

Kvifor ha klasse og elevrådsarbeid:

  • Elevane skal utvikla engasjement og evne til å kunne vera aktivt med og bestemme på skulen og i samfunnet.
  • Elevane skal utvikla evnene til samarbeid, forståing og respekt for andre menneske.
  • Elevane skal utvikle tru på eigen verdi, vera trygge til å stå fram og ha styrke til å ta personlege standpunkt.


Korleis få elevane og lærarane engasjerte i elevrådet?

  • Hengja opp ein «postkasse» der elevane kan leggja i anonyme eller signerte lappa med saker dei vil ta opp i elevrådet.
  • Sette faste tider for kva tid elevrådet er. Sette faste datoar for møta. (Desse datoane skal ein hengja opp på eller i nærleiken av postkassen).
  • Referat skal skrivast frå møta og hengjast opp på ein fast plass.
  • Avklara tydeleg for elevane kva elevrådet er. Kva ein kan ta opp i elevrådet. Motivera/ engasjera elevane til å finna saker til å ta opp.
  • Kontaktlærar for elevrådet har ansvar i lag med leiaren av elevrådet å kalla inn til elevrådsmøtet. (Skriftleg innkalling og skriftleg saksliste).

Skuleruta for 2024-2025

 

Skuleruta for 2024-2025 PDF

Skulerute for elevane 2024/2025

 

Månad

Skuledagar

August 2024

Torsdag 15. august er skulestart for elevane

Onsdag 21. – fredag 23. august Horve for 8. trinn

12

September

Onsdag 25. september misjonskveld*

21

Oktober

Haustferie veke 41 (7. – 11. oktober)

Tysdag 22. – fredag 25. oktober leirskule Evjetun for 9. trinn

18

November

Fredag 15. november er OM-dag for elevane

21

Desember

Fredag 20. desember er siste skuledag før jul

15

Januar 2024

Måndag 6. januar er fyrste skuledag etter jul

20

Februar

Vinterferie veke 9 (24. februar - 28. februar)

15

Mars

Onsdag 12. – fredag 14. mars. Tur til Tonstadli for 10. trinn

21

April

Påskeferie veke 16 (14. april t.o.m. 21. april)

Tysdag 22. april er fyrste skuledag etter påskeferien

16

Mai

Torsdag 1. mai (Høgtidsdag)

Fredag 2. mai er fridag for elevane

Torsdag 29. mai (Kristi Himmelfartsdag)

Fredag 30. mai (Fridag for elevane)

18

Juni

Måndag 09. juni (2. pinsedag)

Tysdag 10. – fredag 13. juni er arbeidsveke for 9. trinn

Torsdag 19. juni er siste skuledag for elevane

13

 

Sum skuledagar

190

 

*Misjonskvelden er obligatorisk skuledag for elevane pga. halve skuledagar 20. desember og 19. juni.

Planleggingsdagar for personalet 08. - 09. og  12. – 14. august + 15. november

Inntaksreglement

Last ned som PDF

  1. Søknadsfrist til 8.trinner 1.desember, året før eleven skal byrja på 8.trinn.
    Søknaden skal leverast på skulen sitt søknadsskjema. Dette skjemaet er utlagt på heimesida til skulen (usk.tryggheim.no).

  2. Følgjande søkjarar blir tekne inn fyrst:
    1. 30% av elevplassane til 8.trinn vert tildelt dei som har søktfyrst
    2. Born av tilsette ved Tryggheim skulardet året eleven skal byrja på skulen
    3. Søkjarar som har eller har hatt sysken ved skulen
    4. Born av foreldre som har vore i misjon/ hjelpearbeid/ utviklingsarbeid utanlands det siste skuleåret før skulestart på Tryggheim ungdomsskule.
    5. Resten av elevplassane blir tildelt ved loddtrekningder det så langt som det er mogleg, sikrar at kvart kjønn er representerte med minimum 40% i samla inntak.

  3. Søknader som kjem inn etter søknadsfristen, og søknader til ledige plasser i 9. og 10.trinn, blir handsama etter kvart. Ved tildeling av den siste plassen vil skulen prioritera born av foreldre i misjon/ hjelpearbeid/ utviklingsarbeid (pkt iv over).

    Søknader som kjem etter søknadsfristen, og der skulen har venteliste, vil bli sett nedst på ventelista uavhengig av prioriteringane i punkt 2 overfor.

    Born av nytilsette (tilsett etter søknadsfristen), blir prioritert inn øvst på ei eventuell venteliste. Deretter vil born tilforeldre/ føresettesom kjem frå misjon/ hjelpearbeid/ utviklingsarbeid utanlands, våren før skulestart,bli prioritert innpå ventelista.

  4. Dei som tekimot elevplass, må betale eit forskot på skulepengane/ inntaksgebyr, etter gjeldande sats. Detteblir ikkje betalt attende om ein seinare seier frå seg plassen.

  5. Dersom sysken/føresette har uteståande skulepengar, vil nye sysken som søkjer skuleplass verta sett nedst på ventelista.

  6. Elevar med behov kan søkja om å få redusert skulepengane. Skulestyret vil i kvart tilfelle, på bakgrunn av søknad og dokumentasjon, vurdera om det er grunnlag for reduksjon.


Fylkesmannen er klageinstans når det gjeld elevopptak. Søkjarar som får avslag eller som vert tekne inn, vert informert om klageretten.


Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Klage sendes Fylkesmannen via skulen innan 3 veker. Når det gjeld klage syner me til Forvaltningslova kap VI.

Inntaksreglementet vart vedteke av skulestyret 05.02.2019

 

Skulereglar

Last ned dokument som PDF

 

Skulereglane for Tryggheim ungdomsskule er vedteke av styret for Tryggheim skular mai 2024.

Privatskulelova § 5A-7. Skolereglar og § 5A-8. Informasjon til elevane og foreldra

Skolen skal ha skolereglar om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar).

Skolens styre kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast.

 

Skolen skal gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har.

Skulereglane er utarbeidd med heimel i "LOv om endringar i lov av 4.juli 2003 nr. 84 om private skular med rett til statstilskot".                              

  1. Tryggheim ungdomsskule skal ha skulereglar som varetek omsynet til rettar og plikter for elevane i skulen (Privatskulelova § 5A-7. Skulereglar)
  2. Endringar av skulereglane skal godkjennast av styret ved Tryggheim skular.

Skulereglane skal leggja grunnlag for mest mogleg lik behandling av alle elevane på område som er viktige for dei og for skulesamfunnet sett under eitt.

 

Skulereglane skal hjelpa til å gjera det klart kva for pliktar og rettar elevane har og skal gjera det lettare for elevane å ta ansvar for seg sjølve. Elevane skal og kunne kjenna seg trygge på at det ikkje vert gjort negative vedtak mot dei på anna grunnlag enn det som skulereglane heimlar.

 

Føremålet med skulereglane er å fremja samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for kvarandre. Skulereglane skal fremja god orden og gode arbeidsvanar slik at læringsmiljøet blir best mogleg.

Skulereglane gjeld for alle elevar ved Tryggheim ungdomsskule.

Skulen har ansvar for elevane i undervisninga, under arrangement, på ekskursjonar og turar der elevane er under skulen si leiing. Dette inneber at skulereglane gjeld i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteområde, på skulevegen og når elevane har undervisning på andre stader enn på skulen sitt område. Skulereglane gjeld og når elevane er utanom skulen sitt område som til dømes i midttimen.

 

I tillegg til dette gjeld og skulereglane ved nettbruk både i og utanfor skuletida. Dette kan f.eks. vera trugsmål eller andre hendingar som vil ha direkte betyding for elevane sin skulekvardag.

 

Det kan ikkje vikast frå Privatskulelova og forskrift til Privatskulelova i skulen sine eigne skulereglar. Dersom det ikkje er samsvar går Privatskulelova og forskrift til Privatskulelova framfor skulereglane til Tryggheim ungdomsskule.  

 

Skulereglane skal gjerast kjent for elevane, føresette og tilsette kvart år når skuleåret byrjar. Skulereglane skal drøftast årleg i skulen sitt rådsorgan og skal alltid vera tilgjengeleg på skulen sine nettsider.

 

For Tryggheim ungdomsskule inneber dette:

(Reglane som er nemnde nedanfor er vurderingskriteria for karakteren i orden og åtferd.)

Tryggheim ungdomsskule er ein læringsarena og arbeidsplass for unge og vaksne. Alle har eit ansvar for korleis skulemiljøet er og korleis det vert utvikla.

Elevane skal kunne forventa at skulen gir hjelp, støtte og rettleiing. Alle skal møtast med tillit og respekt. Elevane skal ha jamleg tilbakemelding på eiga læring og utvikling, vurdering med og utan karakter. Dei skal vera aktivt med i opplæringa.

Elevane skal følgje vanlege reglar i samfunnet og visa god folkeskikk. Som elev har ein difor både rettar og plikter ein skal fylgja.

 

 

Orden

Elevene skal ha god orden. Det er god orden å

  • Møta presist på skulen og til undervisninga og vera førebudd til timar og avtalar.
  • Ha skulesakene i orden og ha med bøker og alt nødvendig utstyr (til dømes gymklede, skrivesaker og PC som er opplada).
  • Ha med nødvendige læremiddel og utstyr.
  • Gjera skulearbeidet, inkludert lekser, til rett tid og vera klar for vurdering til oppsett tidsfrist.
  • Halda klasserommet i orden, delta i rydding av undervisningslokala og uteområda.

 

Åtferd

Elevene skal ha god åtferd. Det er god åtferd å

  • Visa respekt og vera høfleg overfor medelevar og dei tilsette på skulen.
  • Ta ansvar for at det er arbeidsro på skulen og ikkje forstyrra læringa for seg sjølv og andre.
  • Ikkje banna eller bruka anna grovt språk.
  • Respektera kvarandre og ikkje mobba eller på andre måtar krenka kvarandre fysisk, verbalt eller digitalt.
  • Spør andre om det er greitt før du tek bilete, film eller gjer lydopptak av dei. Det er ikkje tillate å ta bilete, film eller lydopptak av nokon som er under 13 år, utanom i undervisningssamanheng.
  • Bruka skulen sitt datautstyr og digitale løysingar berre til skulearbeid.
  • Ikkje bruka mobil og anna digitalt utstyr i skuletida, dersom anna ikkje er avtalt med skulen.
  • Ikkje vera valdeleg eller kome med trugsmål
  • Ta vare på skulen sitt utstyr, bygningar og læremateriell og leggja tilbake på rett plass etter bruk.
  • Ta vare på dine og andre sine personlege eigedelar (verdisaker/ pengar tek ein med på eige ansvar).
  • Ikkje røykja eller bruka el-sigarettar, snusa eller vera påverka av rusmiddel.
  • Snakka sant og stå for sine handlingar.
  • Ikkje knuffa mot kvarandre, korkje inne eller ute.
  • Ikkje ha med farlege gjenstandar, som t.d. fyrverkeri, kniv eller andre våpen på skulen sitt område.
  • Ikkje fuska eller prøva å fuska på prøver eller innleveringar
  • Å delta i undervisning, andaktar, og skulen sine fellesaktivitetar heile skuledagen (Privatskulelova § 3-12).

 

  • Når du kjem på skulen skal mobilen låsast inn i mobilhotellet i klasserommet. Mobiltelefon tek ein med på eige ansvar. Telefonen skal vera skrudd på lydlaus eller heilt av.
  • Dersom ein elev bruker mobil eller anna digitalt utstyr kan dette blir tatt inn for dagen.
  • Ved fråvær skal foreldre/føresette, så snart som råd, melda til skulen (kontaktlærar) om at ungdommen deira er sjuk.
  • Når det er forsvarleg, kan leiar innvilga søknad om fritak frå undervisningsplikta for elevar i inntil to veker. Foreldra må søka i god tid før fritaket startar (Privatskulelova § 3-13).

 

  • Tryggheim ungdomsskule ynskjer å vere ein trafikksikker skule og har mellom anna ein Lokal plan for trafikktryggleik for Tryggheim ungdomsskule. Denne regulerer trafikktryggleik og andre førebyggjande tiltak.
  • Elevane kan nytta sparkesykkel/skateboard og liknande til og frå skulen, i tillegg kan elevane nytta desse i friminutta på tilviste plassar.

I forbindelse med manglande innlevering brukar skulen følgjande rutinar:

  • Eleven får ordensmerknad.
  • Eleven får ny tidsfrist for innlevering.
  • Dersom ein elev har stort fråvær, manglande innleveringar og ikkje møter til planlagde vurderingssituasjonar, kan dette føra til manglande vurderingsgrunnlag i faget, og dermed bortfall av termin- eller standpunktkarakter. Elev, foreldre/føresette skal varslast på førehand.

Fusk på prøvar

  • Eleven får åtferdsmerknad og prøvesvaret blir ikkje vurdert.
  • Som hovudregel vil ny vurdering bli føreteken.

Fusk (bevisst plagiat *) på innleveringar

  • Eleven får åtferdsmerknad og føresette blir informert.
  • Eleven får ny tidsfrist for innlevering (til vanleg neste dag).

(* Med plagiat meiner ein kopiering av bilete, tekst og liknande utan at ein gir opp kven som eigentleg har skrive teksten eller teke bilete. Ein presenterer noko som andre har laga som om ein har laga det sjølv. Det skal vera skilnad mellom plagiat og dårleg kjeldebruk/kjeldevising).

  • Reglar for tentamen/heildagsprøvar
  • Reglement for PC bruk og leigeavtalen
  • Handlingsplan for eit trygt og godt skulemiljø

 

I følgje privatskulelova § 5A-7 Skolereglar kan skulen sitt styre angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast.

Alle brot på skulen sitt reglement kan bli notert (merknad) og vera grunnlag for vurdering i orden og åtferd.

Alle tiltak skal vera slik at elevane skal forstå kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera på dette. Det skal alltid vera samsvar mellom eleven si åtferd og skulen sine tiltak. Skulen si vurdering av kor alvorleg hendinga er, skal liggja til grunn for tiltaket i kvart einskilt tilfelle. Tiltak bør koma så nær regelbrot i tid som mogleg.

Fysisk refsing og anna krenkjande behandling skal ikkje nyttast. Med fysisk refsing meiner ein ikkje arbeid i samband med rydding, vask og/eller reperasjonar etter seg sjølv eller andre.

Det er ikkje høve til å nytta kollektiv straff for ei gruppe elevar for handlingar utført av einskildmedlemmar. Elevar pliktar å overhalda pålagde tiltak. Om det ikkje skjer kan det føra til nye tiltak.

Når det i akutte situasjonar er fare for at ein elev kan skada seg sjølv eller andre, vil det vera naudsynt å stansa eleven, eventuelt skilja eleven frå resten av gruppa og plassera eleven i eit eige rom med tilsyn for ein kortare periode. Når eit slikt tiltak blir gjort skal leiar og foreldra varslast straks. Skulen må dokumentera slike tiltak i elevmappa.

Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Alle reaksjonar skal stå i forhold til kor alvorleg brotet på skulereglane er. 

Ved regelbrot kan Tryggheim ungdomsskule bruke følgjande tiltak:

  • Eleven kan få tilsnakk av lærar eller andre tilsette ved skulen.
  • Skulen kan senda skriftleg eller munnleg melding til føresette
  • Eleven må ringja heim til foreldra og gjera greie for kva han eller ho har gjort.
  • Eleven kan påleggjast å vera med på samtale med skulen si leiing, kontaktlærar/sosiallærar evt. andre tilsette/vaksne ved skulen og/eller dei involverte partar.
  • Skulen kan inngå ulike forpliktande avtalar med eleven, til dømes:
    1. Eleven sine pausar/friminutt kan bli særskilt regulerte
    2. Eleven kan flyttast frå klasse/gruppe til ei anna gruppe, eller gjera oppgåver utanfor si eiga gruppe.
    3. Eleven kan påleggjast å vera på skulen før/etter skuletid for å trygga andre elevar eller for å ta igjen tapt arbeid.
    4. Eleven kan måtte reparera, rydda eller vaska etter seg.
  • Skulen kan beslagleggja ein gjenstand for resten av dagen.
  • Ulovlege gjenstandar og ulovlege rusmiddel som t.d. våpen, kniv og narkotika skal overlatast til politiet.
  • Eleven sine føresette kan haldast erstatningsansvarleg etter skadeerstatningslova §1-2 for inntil kr. 5 000, jf. skadeerstatningslova §1-1.
  • Ved alvorlege brot på reglane, kan skulen politimelda saken. Dersom det ligg føre mistanke om straffbare forhold, kan leiar be politiet om hjelp. Føresette til elevane skal, dersom det er mogleg, varslast munnleg når det blir teke kontakt med politiet.

Skade på skulen sin eigedom vil kunne verta meldt til politiet.

Straffbare forhold mot person vert som hovudregel melde av den som er utsett for forholdet – den som er fornærma.

Skulen skal halda seg til dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningslova når det gjeld forskrifter, vedtak eller enkeltvedtak. Prosedyren for dette er skissert på følgjande måte:

  • Ved grunn til mistanke om brot på skulen sine skulereglar kan skulen si leiing kalla inn til samtale og utspørjing kring eleven sitt kjennskap til hendinga. Skulen si leiing kan også gjennomføra undersøkingar på skuleområdet (inkludert elevskap). Skulen kan og be føresette om løyve til å gjennomføra kontroll av lommer i klede, sekkar eller ranslar. Om mogleg skal føresette til elevar gjevast høve til å vera til stades ved eventuell kontroll.
  • Ved alvorlege eller gjentekne brot på reglementet kan elevar visast bort frå undervisninga i inntil 3 dagar. Leiar vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir fatta vedtak, skal eleven ha fått moglegheit til å forklara seg munnleg og ein skal ha vurdert andre hjelpetiltak og sanksjonar. Føresette må varslast. (Når det gjeld sakshandsaminga og dei rettane og pliktene som eleven, foreldre/føresette og skulen har, viser ein til Privatskulelova 5A-7 og 3-10 og Forvaltningslova kap. IV, V og VI.
  • Eit vedtak om bortvising frå undervisninga for opptil to klokketimar er ikkje å rekna som eit einskildvedtak etter Forvaltningslova §2. Vedtaket kan derfor ikkje påklagast.
  • Vedtak om bortvising av elevar for meir enn to klokketimar reknar ein som eit einskildvedtak som kan påklagast.
  • Elevar som utøver vald kan bortvisast frå undervisninga dersom vilkåra for bortvising er oppfylt, jamfør Privatskulelova § 3-10. Skulen er plikta til å vurdera andre tiltak før ein vel å bortvisa elevar. Avgjerda må fattast av leiar og i form av einskildvedtak.

 

Eleven skal ha moglegheit til å forklara seg munnleg for leiar før einskildvedtaket vert fatta.

 

Eleven/foreldre har klagerett til Departementet ved Statsforvaltaren i Rogaland.

Personalet har ein særleg plikt til å syna omsorg for elevane på skulen. Personalet vil difor ikkje berre ha rett, men og plikt til å gripa inn for å hindra at elevar skader eller plager andre elevar eller skader seg sjølve eller skulen sin eigedom. Straffeloven § 47 og § 48 om naudrett og naudverje gjer ei opning for at skulen sitt personale kan nytta fysisk makt til å stoppa elevar som slåst, hindra at eleven skadar seg sjølv eller andre, eller skulen sin eigedom, og til å verja seg mot elevar som opptrer truande eller valdeleg.

Når eit slikt tiltak vert sett i verk, skal ein straks melda frå til leiar og til foreldre/føresette.

Skulereglane er utgangspunkt for elevane sine karakterar i orden og  oppførsel. Ved brot på desse reglane kan hendinga verta notert som ein merknad. Ved slutten av kvar termin vert det teke ei vurdering av desse merknadene i eit eige karaktermøte og ut frå dette får elevane karakterane sine. Karaktermøtet består av alle i personalet som er involvert rundt elevane som skal vurderast. I tillegg er leiargruppa med på heile møtet.

Karakterane ein kan få er (Forskrift til Privatskulelova § 6-5. Karakterar i orden og oppførsel):

  • God (G): vanleg god orden og vanleg god oppførsel
  • Nokså god (Ng): store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel
  • Lite god (Lg): særleg store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel

Når den avsluttande karakteren (standpunktkarakteren) i orden og oppførsel vert sett, ser ein på karakterane frå alle terminar. Utviklinga over tid, samt vurderingane frå 10. trinn vil verta mest veklagde.

 

Elevar kan klage på standpunktarakteren i orden og oppførsel (jf. forskrift til privatskolelova §7-6). Klagefristen er ti dagar. Dersom skulen ikkje gjer nytt vedtak, blir klaga sendt vidare til statsforvaltaren i Rogaland. Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste standpunktkarakteren eller justere karakteren opp eller ned.

Personvernerklæring for Tryggheim Ungdomsskule

Slik behandler vi opplysninger om elever og foresatte

 

Dette gjør vi:

  • Tryggheim ungdomsskule arbeider seriøst og nøyaktig for at personlige opplysninger knyttet til elever ikke skal komme på avveier eller bli misbrukt.
  • Lederer ansvarlig for at disse opplysningene blir brukt riktig og blir oppbevart på en trygg måte.
  • De opplysningene som vi har fått, bruker vi bare slik lover og regler sier at vi skal gjøre.
  • Vi ber om samtykke fra foresatte før vi tar,oppbevarer og publiserer bilder.
  • Alle ansatte vet at opplysningene bare skal brukes til det som er nødvendig for å drive skole.
  • Vi deler opplysningene bare med dem som norsk lov sier vi skal dele dem med.
  • Hvis noen andre spør om å få opplysninger, svarer vi at vi bare kan dele opplysninger når den det gjelder, har gitt tillatelse til dette.

 

Dette er de opplysningene som vi har og som vi bruker:

  • Navn på alle elever og deres foreldre eller foresatte med adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsnummer.
  • Andre opplysninger som er nødvendig for at vi skal kunne holde kontakt med foreldre eller foresatte på riktig måte.
  • Opplysninger som vi har fått gjennom samarbeidet mellom skole og hjem.
  • Opplysninger om skolearbeidet til en elev, f.eks vurderinger, karakterer, fravær etc.
  • Noen ganger har vi opplysninger om elevers helse, f.eks om allergier.
  • Spesielle opplysninger som f.eks skyss for enkelte elever, spesialundervisning mm.
  • Informasjon i datasystemet om elevers pålogging.
  • Bilder

 

Slik oppbevarer vi opplysningene:

  • Elevvurderinger og opplysninger om fravær lagres i spesielle systemer for å sikre at opplysningene ikke kommer på avveier.
  • Når skolen mottar brev eller informasjon med personlige opplysninger om eleven, er vi spesielt nøye med at ingen får vitehva som står i brevet, unntatt den eller de av lærerne som trenger å vite om innholdet for å kunne gi god undervisning.
  • De opplysningene som det er viktig at bare noen få på skolen vet noe om, holder vi nedlåst når opplysningene står på et papir. Slike opplysninger kan også finnes i datasystemet, men da er de lagret slik at man må ha et passord for å få tak i dem. Det passordet gir lederbare til dem som må ha disse opplysningene for å kunne gi riktig hjelp til eleven.

 

Så lenge tar vi vare på personlige opplysninger:

  • Navn på elever og alle halvårskarakterer og alle standpunktkarakterer blir tatt vare på for bestandig. Det samme gjelder opplysninger om hvilke fag en elev har fått undervisning i. •Det som lærerne har notert om oppførselen til en elev gjennomåret, blir slettet når karakteren er gitt og fristen for å klage er gått ut. Andre notater tas vare på så lenge eleven går på skolen og lærerne mener de har nytte av notatene.
  • Vedtak om skyss tar skolen vare på bare det året vedtaket gjelder. Andre dokumenter om en elev, f.eks vedtak om spesialundervisning, individuelle opplæringsplaner mm tas vare på så lenge skolen har bruk for dokumentene. Deretter blir de makulert.
  • Når en elev slutter ved skolen, tar vi vare på navn og adresse slik at vi kan ta kontakthvis myndighetene ber oss om å gjøre det. Ellers vil vi bare bruke denne adressen når eleven/foresatte har gitt oss tillatelse til å sende brev. Eleven/foresatte kan trekke denne tillatelse tilbake.

Hvis du som leser dette, vil vite hvilke opplysninger skolen har lagret om deg, kan du ta kontakt med skolen, så vil vi fortelle deg det. Det er jo dine opplysninger det handler om!

 

Informasjon om berbar PC for elevar

Tryggheim ungdomsskule ynskjer at elevane skal leiga berbar datamaskin så lenge dei går på skulen.

Datamaskinane som skulen leiger ut vil vera av god kvalitet og vil innehalda Windows, antivirus, Microsoft office og det som elles er naudsynt av program i skulekvardagen. Dei vil og vera klare til bruk på skulen sitt nettverk. Skulen vil ha tilgjengelege reservemaskinar til dei som leiger, om det skal bli naudsynt med service på PC-en.

Det følgjer med service-og garantiordningar for datamaskinane. Når det gjeld reparasjonar på grunn av hendelege uhell, er utskifting av hovuddelar avgrensa til éinskade per år. «Tjuveri», «ufornuftige uhell», «uhell som følgje av naturkatastrofe og kjøretøyuhell» blir ikkje dekka. Eleven må kunna forklara til HP/IKT kva som har skjedd med PC-en. Skadar som ikkje vert dekka må eleven betala sjølv. Merk at vannflasker i sekken skal vera tomme. 

Ved leige av datamaskin over tre skuleår vil eleven kunna overta datamaskinen vederlagsfritt. Kontrakten har to månaderoppseiingstid, og denne vil tre i kraft dersom eleven sluttar ved skulen.

Er det spørsmål om denne ordninga, kan de ta kontakt med IKT-avdelinga på 51 79 80 05 eller ikt@tryggheim.no.

Følg oss på www.facebook.com/ikttryggheim så får du med deg alle nyheter først! 

Her finn du forklaring og utfyllande informasjon

Passord og læreplattform


Passordendrer: https://mega.efeide.no

Logg inn, og klikk på ditt navn og velg "Endre ditt passord". Her kan du også få et engangspassord på sms ved å bruke Glemt passord. Det passordet du da bytter til vil virke på alle nettressurser og trådløsnettet Tryggheim-Elev.
Glemmer du passordet ditt kan du gå inn her og få det på sms igjen. Din lærer kan og endre ditt passord.



 https://tryggheim.instructure.com
 er vår læreplattform og her vil du finne mye av den digitale skolehverdagen som innleveringer, ressurser og undervisningsopplegg.

 

Digitale bøker vi bruker

               Unibok

Programvare


Office365pakken laster du ned ifra nettet: portal.office.com Elevlisensen virker på 15 enheter -  5 pc/mac + 5 stk nettbrett + 5 stk mobiler så lenge du er elev her. Du har i tillegg hele pakken tilgjengelig på nett, og kan lagre uendelig med filer på Onedriven der.
Logg deg på med ditt feidebrukernavn@elev.tryggheim.no  (epersen02@elev.tryggheim.no) og feidepassord og last ned. Lurt å ha godt nett når du laster ned og så lurt å logge seg på inne i Word når det er nedlastet.
Husk å lagre skolearbeidet på Onedrive, slik at det ikke blir borte om du skulle ha et uhell med maskinen.



Frie program: 
Dersom maskinen din mangler fleire grunnleggande program kan du bruke Ninite eller Getmacapps for å laste ned og installere dei samla. Dei vil også hjelpe deg å halde dei oppdatert.

Nyttige program å huke av på:

  • Chrome, Firefox - Nettlesar
  • Dropbox - Skylagring
  • VLC - Videoavspelar
  • Java. .NET, Silverlight
  • Paint.NET - Tegneprogram
  • Foxit Reader - PDF-lesar



Geogebra får du her: https://www.geogebra.org/download



Antivirus til mac: SOPHOS.

Uhellsforsikring, Lenovo - kortversjon

Følgende tre punkter (C1,2 og 4) beskriver vår forsikring:

 

C.1 Accidental Damage Protection («ADP») eller («ADI»). Beskyttelse mot utilsiktet skade er også kjent som ulykkesskadeforsikring i enkelte regioner («ADP» eller «ADI»). På grunn av regulatoriske variasjoner, kan ADP- eller ADI-tilgjengelighet variere. Se det regionspesifikke vedlegget til avtalen for variasjoner og tilgjengelighet av slike tjenester. Der ADI er tilgjengelig, kan krav være underlagt kriterier og krav fra forsikringsselskapet som forsikrer tjenesten. 

C.2 Denne tjenesten dekker drifts- eller strukturfeil forårsaket av: (i) væskesøl på tastaturet; PCDSA Feb-2023 Side 5 (ii) utilsiktede støt eller fall fra ikke mer enn femten (15) fot eller fem (5) meter; og (iii) en elektrisk overspenning som skader produktets krets, eller svikt i den integrerte skjermen, da vil Lenovo reparere eller erstatte (etter eget skjønn) produktet, forutsatt at skaden på produktet er forårsaket av en ulykke og er utilsiktet. Denne tjenesten dekker kun komponenter som er installert i produktet ditt på kjøpstidspunktet, inkludert den interne sentralprosessorenheten, integrert harddiskstasjon, integrert optisk stasjon, integrert tastatur, integrerte pekeenheter, integrert skjerm, valgfrie funksjoner installert av Lenovo på kjøpstidspunktet og andre komponenter som Lenovo inkluderer som standardfunksjon med produktet. 

 C.4 ADP og ADP ONE dekker ikke følgende: a) CRU-batterier, lyspærer, minnedisker, ledningstilkoblinger, AC-adaptere, bærevesker eller -mapper, pekepenner eller digitaliseringspenner, holdere, dokkingstasjoner, portreplikatorer, eksterne tastaturer, skrivere, skannere, eksterne stasjoner, programvare (forhåndslastet eller kjøpt separat), tape, CD-er, DVD-er, film eller andre medier, eksterne modemer, eksterne høyttalere, skjermer, eksterne mus eller andre inn-/utdatadataenheter, projektorer; b) alle andre komponenter som ikke er interne for produktet, eventuelle eksisterende defekter i produktet som har oppstått på eller før datoen for denne avtalen, valgfrie funksjoner som ikke er installert av Lenovo på kjøpstidspunktet, tilbehør som er kjøpt i tillegg til basisenheten, tredjepartsprodukter (som ikke har Lenovo-logoen) selv om de selges av Lenovo, produkter som ikke er kjøpt fra Lenovo eller produkter som er reparert av noen andre enn Lenovo eller en tjenesteleverandør som er autorisert av Lenovo; c) Normal slitasje på produktet; d) Deler som er beregnet på å skiftes ut eller forbrukes – f.eks. batterier, pekepenn, digitaliseringspenn osv.; eller e) Kosmetisk skade (f.eks. riper, bulker eller sprekker som ikke påvirker produktets funksjonalitet eller strukturelle integritet); (i) Skade fra misbruk, feil bruk, uautorisert modifisering, upassende fysiske eller driftsmessige miljøer, feilaktig vedlikehold av noen andre enn Lenovo-autoriserte tjenesteleverandører, fjerning av originale deler eller endring av produkt eller identifikasjonsetiketter; (ii) Skade forårsaket av et produkt som ikke dekkes av denne avtalen eller forårsaket av biologiske farer eller kroppsvæsker fra mennesker eller dyr; eller (iii) Tyveri, tap eller skade fra brann, flom eller naturkatastrofe, krig, terrorisme, naturkatastrofer

Her finn du informasjon om det meste som gjeld økonomi:

Spørsmål rundt dette eller annet som gjelder økonomi?

Økonomileiar Eivind Svensen

51 79 80 24 905 88 461 regnskap@tryggheim.no

 

  • Søknad om skoleskyss for elevar frå Hå PDF
  • Søknad om refusjon for elevar frå andre kommunar PDF

Skuleskyss

Elevar frå Hå kommune:
Elevar har rett på fri skuleskyss når dei bur meir enn 4 km frå skulen.  Det er skulen som på vegne av føresette søkjer Kolumbus om buss- eller togkort.

Dersom eleven mister eller øydelegg kortet kan skulen lage midlertidig kort fram til eleven mottek nytt.  Kolumbus legg ved ei rekning på kr. 50,- per nytt kort.

 

Elevar frå andre kommunar:
Elevar som bur i annan kommune har rett på støtte til transport frå heimen til kommunegrensa. Det er heimen som organiserer skyssen til eleven og kjøp av periodepass til buss eller tog.
Skjemaet «Søknad om refusjon» leverast til skulen. Kolumbus betaler refusjon til føresette for skyssen i januar og juni kvart skuleår.

For reiseprodukt sjå: www.kolumbus.no

 

Varig og midlertidig funksjonshemma og sjuke:
Varig og midlertidig funksjonshemma og sjuke elevar i friskule har rett på fri skuleskyss innanfor heimkommunen, uavhengig av avstand mellom heim og skule, jfr Oppl  7-3.

Går eleven på friskule utanfor heimkommunen, må eleven sjølv dekke meirkostnadane for transport mellom kommunegrensa og skulen.  Av praktiske grunnar dekker Kolumbus skyss ein veg, enten tur eller retur til/frå skulen, og føresette organiserer den andre skyssen.

 

  • Søknad om skoleskyss for elevar frå Hå PDF
  • Søknad om refusjon for elevar frå andre kommunar PDF

Velkommen til biblioteket på skulen - eit informasjonssenter og ein lesesal.

Me held til på sida av kantina. Stikk innom og sjå kva biblioteket kan tilby deg. Gjer deg litt kjent, gå på jakt i hyllene. Dersom du ikkje finn fram, så spør bibliotekarane. Det er viktig for skulegangen din å bruke ulike informasjons-kjelder, ikkje bare Wikipedia.

Du er òg velkommen inn for å sitje og arbeide med skulearbeid eller om du bare ønskjer ro og vil slappe av litt.

 

I biblioteket på Tryggheim skular finn du:

  •     faglitteratur og skjønnlitteratur
  •     oppslagsverk
  •     tidsskrift
  •     skrivar
  •     gode sitjeplassar

 

Finn fram i boksamlinga på biblioteket:
Tryggheim skulebibliotek sin katalog

Ønskjer du tips til lesestoff, kan du finne omtale av ungdomsbøker på nettsidene under:
Ungdomsboka - Lesing. Du trenger bare lys og lyst.

På sidene til Nasjonalbiblioteket kan du lese alle norske bøker eldre enn frå år 2000 gratis på nett. Her ligg også ein del aviser sine søkbare arkiv.

 


Opningstider:

Med nøkkelkortet ditt kan du komme inn på biblioteket

07:30 - 22:30 på kvardagar
07:30 - 01:00 på laurdag
13:00 - 23:00 på søndag.

Bibliotekarar:

Lærar og bibliotekar Anne Fløysvik

917 86 480 afloysvik@tryggheim.no

Lærar Elisabeth Krogedal

ekrogedal@tryggheim.no

Lærar og bibliotekar Kjell Aage Nielsen

51 79 80 49 958 49 874 knielsen@tryggheim.no

Helsesjukepleier Jenny O. Noa

47483684 JennyO.Noa@ha.kommune.no

Kven?
Jenny O. Noa er helsesjukepleiar på Tryggheim usk.
Dette er ein del av Skulehelsetenesta, ei forlenging til helsestasjonen sitt tilbod til born og ungdom i skulepliktig alder.

Kva?
Helsesjukepleiar har taushetsplikt og elevane kan ta opp ulike spørsmål og utfordringar med ho. Det kan vere angåande vener, trivsel, bekymringar, mobbing, stress, press, ernæring, kropp, seksuell helse og psykisk helse. Helsesjukepleiar journalfører all kontakt med elevane.

Helsesjukepleiar si rolle er å støtte foreldre, elevar og skule i å skape gode oppvekstvilkår, samt fange opp signal på mistrivsel og avvik.

Kvar?
I 2.etasje

Når?
Måndag og onsdag kl.08.00-14.00

Kontakt og bestilling?
Elevane tek sjølv kontakt ved behov.

Foresatt?
Ta gjerne kontakt på telefon eller via e-post.

!!Me må be om at det ikkje vert sendt nokon form for sensitive opplysningar korkje via sms eller mail. Samtalen vil verte journalført.

Helsestasjon for ungdom
Nærbø(Lyngvegen 14): Måndager kl. 14.00 - 16.30.

Eit gratis tilbod til jenter og gutar mellom 13 og 20 år som er busatt eller går på skule i Hå, og her møter du helsesjukepleiar og lege.

Inga førehandsbestilling. (Held stengt i alle skuleferier)

Meir info her.

 

Fast program for helsetenesta i ungdomskulen

  • 8.klasse:
    • Helsesjukepleiar deltek på foreldremøte

8.klasse samtale. Kvar einskild elev fyller ut eit spørreskjema. I løpet av skuleåret henter helsesjukepleiar ut ein og ein elev der vi går gjennom svara på skjema, samt registrerer høgd og vekt.

Last ned informasjonsbrev frå helsesjukepleiar til føresatte i 8.trinn. (PDF)

  • 9.klasse:
    • Undervisning om seksualitet, grenser, prevensjon og kjønnssjukdommer

  • 10.klasse:
    • Vaksinasjon mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (Boostrix-polio)

Helsesjukepleier Jenny O. Noa

47483684 JennyO.Noa@ha.kommune.no

Jod-tabletter

Krav til samtykke for utdeling av jod-tabletter til barn i skole og barnehage. Last ned dokument her (PDF)

Oversikt over hjelpenummer

Kanskje nokon føler behov for å snakka med nokon eller finna ekstra informasjon om vanskelege tema.

Under finn du ei oversikt over nokre hjelpelinjer der du kan få kontakt med profesjonelle som kan hjelpa.

 

Forbarn og unge (0-18 år)

 

Nokre nyttige nettstader: