Til elevar og føresette på 10 trinn

Last ned som PDF

Til elevar og føresette på 10. trinn

 

Tid for vaksinasjon mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (dtp-IPV-vaksine)

 

Du må samtykka digitalt

For at barnet ditt skal få vaksine må du gå inn i Visma Flyt og gje digitalt samtykke. Logg deg inn og klikk på fana «samtykke».

Dersom me ikkje får digitalt samtykke, vil ikkje eleven få vaksine på oppsett dato.

Det er nok med digitalt samtykke frå ein forelder/føresett.

Hugs å informere helsesjukepleiar (helsesøster)

Dersom barnet har allergi eller andre helseproblem er det viktig at de tek kontakt med helsesjukepleiar (helsesøster) på skulen. Gje også beskjed dersom barnet har blitt vaksinert mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio utanom vaksinasjonsprogrammet det siste året.

 

Ta også kontakt med helsesjukepleiar hvis barnet har fått koronavaksine den siste veka før oppsatt vaksinasjonsdato på skulen.

Ring eventuelt tlf. 51799970 og spør etter helsesjukepleiar på skulen der eleven går.

 

Elevar i 10. klasse får tilbod om ei oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio gjennom det nasjonale vaksinasjonsprogrammet for å oppretthalde god beskyttelse. Norske barn får tre dosar med vaksine mot desse sjukdommene fyrste leveår, ei i 2. klasse og no i 10. klasse.

 

Om vaksina

Vaksina som vert brukt heiter Repevax. Den kan hjå nokre gje forbigåande raudheit, smerter og heving der sprøyta vert sett. Nokon får lett feber. Du kan finna meir informasjon om Repevax på nettsidene til Statens legemiddelverk: www.legemiddelsok.no

 

Om sjukdomane

Difteri er ein akutt infeksjon i øvre luftvegar som skuldast difteribakteriar. Bakteriane dannar giftstoff som fører til stor hevelse i slimhinnene i halsen og gjer at det vert vanskeleg å pusta. Giftstoffa kan også angripa hjarte-, nyrer og nervevev. Sjukdomen kan vera dødeleg, og førekjem i delar av Europa og andre verdsdelar.

 

Stivkrampe (tetanus) skuldast ei bakterie som kan finnast i jordsmonn. Bakteria dannar giftstoffer som angrip nervesystemet og gjev stivhet i musklar og smertefulle krampar. Smitte kan skje når bakteria kjem i kontakt med sår. Sjukdomen har høg dødelegheit, men smittar ikkje frå person til person. Stivkrampe er sjeldnare i Norden enn i varmare delar av verda.

 

Kikhoste (pertussis) er ein luftvegsinfeksjon med langvarige (6–12 uker) og kraftige hosteanfall. Kikhoste kan føra til pustestans hjå spedbarn og små barn. Den kan gje hjernebetennelse som kan føra til hjerneskade, og i sjeldne tilfelle til død. Også hjå større barn og voksne kan sjukdomen gje langvarige plagar. Sjukdomen er veldig smittsam – nær 100 % fekk sjukdomen før vaksinasjon vart vanleg.

 

Poliomyelitt er ein virussjukdom som vanlegvis gjev symptom på forkjølelse, smerter i kroppen eller magesjuke. Den kan gje hjernebetennelse (encefalitt) og kan føra til varige lammingar. Dødsfall førekjem. Noreg er i dag poliofritt, men uvaksinerte personar kan verta smitta under reiser og på den måten smitta andre uvaksinerte etter at dei kjem heim.

 

 

Skulehelsetenesta, Hå kommune