Kva er Operasjon Misjonsprosjekt?
Operasjon Misjonsprosjekt er Tryggheim ungdomsskule sin internasjonale solidaritetsaksjon. Elevane gir i år ein skuledag for å støtta Misjonssambandet sitt arbeid i Indonesia.
Operasjon Misjonsprosjekt 2024-2027 i Indonesia:
Prosjektet er todelt
Bistand:
Gjennom arbeidet NLM driv ynskjer dei å betre og styrke livsvilkåra i lokalsamfunnet. Ein del av arbeidet er å gi barn og unge ei utdanning for å betre deira oppvekst. Ein annan del er å bidra til at dei som er psykisk sjuke får eit verdig liv. I dag opplever mange av desse å bli utstøytt frå samfunnet.
Evangelisk arbeid:
I Indonesia bur det ca. 275 millionar mennesker, og er det landet i verda med flest muslimar. Ein reknar med at det er 236 unådde folkeslag i Indonesia, og ein jobbar med å nå desse med evangeliet. Dette gjer dei gjennom å styrke og utdanne kristne leiarar.
Det er tidleg i prosjektet, og me har ikkje større, konkrete tal endå, men me vonar at me skal kunne samle inn mykje pengar også til dette prosjektet.
Dei siste åra har skulen samla inn desse beløpa:
2019 - 2020 |
401. 496 |
2020 - 2021 |
412. 000 |
2021 - 2022 |
393. 500 |
2022- 2023 |
458.000 |
2023-2024 |
432.000 |