Operasjon Misjonsprosjekt 2021-2024 i Aust Afrika


Aust Afrika

Kva er Operasjon Misjonsprosjekt?

Operasjon Misjonsprosjekt er Tryggheim ungdomsskule sin internasjonale solidaritetsaksjon. Elevane gir i år ein skuledag for å støtta NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) sitt arbeid i Aust Afrika, hovudsakleg arbeid i Kenya.

  • Bistand: Gjennom arbeidet NLM driver i Tana North skal vi få vera med på eit utviklingsprosjekt for å gi betre og sikrare tilgang til vasskjelder for befolkninga. I tillegg blir det drive helseforebyggande tiltak og lese- og skriveopplæring.

 

Evangelisk arbeid:

  • Arven etter Adam: Med støtte frå Norea mediemisjon og Misjonssambandet, lagar Roger Gihlemoen animasjonsfilmar om bibelen på Swahili. Det finnes lite som er retta mot denne målgruppa frå før.  Forteljarstil, hovudpersonar og kulissar er tilpassa målgruppa, born som ennå ikkje har høyrt om Jesus. Dette pionerprosjektet skal vi få vera med og støtta.

Til nå dette skuleåret har me samla inn ca 222.000 kr, og me håpar at misjonsløpet kan bidra med det same, slik at me rundar 440.000 for heile skuleåret.

Dei siste åra har skulen samla inn desse beløpa:

2019 - 2020

401. 496

2020 - 2021

412. 000

2021 - 2022

393. 500

2022- 2023

?