Uprisen 2021

Kva er den beste norske ungdomsboka i år? Kven fortener å få Uprisen 2021? Kva gjer boka bra eller dårleg?

Elevane på 10.trinn har denne hausten lese og skrive bokmeldingar frå nye titlar frå norske ungdomsforfattarar. Dei skal kåre ei bok som kan få Uprisen 2021. Ein litteraturpris av og for dei som les mykje, men like mykje om dei som ikkje les noko særleg. Å lese og vurdere nye bøker gir ein moglegheit til å grunngje eigne meiningar og vise kva som er viktig for ungdom no i dag.  Dette er UNGDOMMEN sin litteraturpris!